Folket rundt Hardangervidda er eit eige folkeferd. Gjennom generasjonar har dei bruka Vidda til beste for seg. Dei har veida rein sidan steinalderen, dei har fiska aure i fleire tusen år. Og dei har utnytta beiteressursar så lengje dei har hatt bufe.

Dei brukar Vidda på same måte i dag, men med nye metodar og reidskapar. Vidda er framleis ein ressursbank for folket rundt.

Folket rundt Vidda kjende kvarandre. Dei møttes ved delesteinane, dei prata og dei kvilde saman. Gjerne var det spandert ein dram og, som skikk var i gamle dagar

Fjellvitt Hardangervidda

Hardangervidda akevitten er meint som ein hyllest til Vidda, til folket og til driftsmåtane. I fjellet er alle gjestfrie og dei vil gjerne ha ein dram å spandere. Og denne nye akevitten inneheld smakar frå fjellet, smakar du kan kjenne att du som har vore der oppe, du som har sett Hårteigen, hørt heiloen fløyte og bore tungt i mange timar.

Det er akevittklubben Fjellvitt som står bak akevitten Hardangervidda. Det er likevel to av dei mest aktive brukarane av Vidda i vår tid, rakfiskprodusentane Vilhelm Håvardsrud og Ola Hov som hadde idèen til denne nye drikken. Håvardsrud forvaltar ein familiearv og er fjerde generasjon fiskar. Ola Hov leiger Kilefisket i Bjornesfjorden av ei rekkje grunneigarar. Dei er begge i fjellet vekesvis kvart år og er soleis dei fremste arvtakarane av denne tradisjonen.

Fjellvittklubben tok idèen og har saman med «Det norske brenneri» utvikla denne særeigne akevitten. Fjellvittklubben var tidleg ute med sin populære akevitt, kalla «Fjellvitt» og det er i år 10 år sidan den vart lansert. Jubileet skal markerast på Fjellmatfestivalen i november.

Når det gjeld smaken av denne nye Hardangervidda akevitten så kan ein ane smaken av høgfjell gjennom einer, kvann og karve. I tillegg vil du kjenne smaken av vanilje, mynte, sitrus og søte appelsiner og eit innslag av mørk sjokolade.  Ein herleg kombinasjon som alt har fått mange lovord.

Foto og formgjeving, Ingvar Moi

Fjellvitt

Med design som kultur og historieformidler

Kultur- og historieformidling har hele tiden stått veldig sentralt, både nasjonalt og lokalt. I utarbeidelsen av etikett og informasjonsmateriell ble det tatt kontakt med Identicon i Tønsberg som bistod med den kreative utformingen. Fjellet er en viktig del av livet og historien i Numedal, så navnet Fjellvitt var tidlig på plass. Fotograf Johan Brun er kjent for sine mange flotte bilder fra fjellet, og akevittklubben tok kontakt med ham for å få tillatelse til å bruke ett av hans mest kjente bilder på etiketten. Johan Brun var velvilligheten selv, og ga tillatelse til bruk av flere av hans bilder. På baksiden av flasken danner da også et annet av hans bilder bakgrunn for historieformidlingen som der fortelles